Dei siste 15 åra har Ylvas liv i London med adoptivfamilien vore bra. Utfordringar oppstod, som i alle menneskes liv, men familien hennar var alltid der for å støtte ho, enten ho trengte eit par knyttnevar eller nokon å snakke med. Men ein dag etter å ha blitt tilkalla for å hjelpa i ein naudsituasjon som del av Raudekrossen, hamner Ylva i ei ulykke, som avslører merkelege ting om kven ho er, som aldri var meininga skulle bli oppdaga. No som sanninga er ute, vert livet hennar forandra for alltid. Dei grufulle avsløringane tvinger Ylva til å stille spørsmål ved alt om seg sjølv, familien sin og verda. Ho flyktar frå livet sitt i London, og rømmer frå folk som vil bruka, og i verste fall drepa, ho. Med fiendar faretruande tett på må ho overleva og forhåpentlegvis forhindra eit globalt blodbad. Bli med på å avdekke denne verdsomspennande konspirasjonen pakka inn i forræderi, spenning, drap og kjærleik. Det er ein god blanding av spenning, mystikk og eit snev av slow-burn romanse, alt pakket inn i ein kompleks verden av politiske intrigar.
Eira J. Grímnir er pseudonymet til ein ung forfattar frå nynorske land. Eg har frå ung alder hatt interesse i science-fiction, skriving og teikning. Etter mange lange år med utdanning og skriving kom eg i desember 2025 ut med debut romanen, False Flesh, i serien The World Below. Då boka var for uvanleg for tradisjonelle forlag bestemde eg meg for å gi boka ut sjølv, og fekk god kritikk av lesarar rundt om i verda.
Link til Goodreads: https://www.goodreads.com/book/show/245297364/reviews?reviewFilters=eyJhZnRlciI6Ik1UVTNMREUzTmpZNE1qUTNNREF6TWpJIn0=
Eg arbeidar no med bok to i serien innimellom vanleg jobb og fritid.
Det finns inga presskommentarer tillgängliga just nu.