Den knuste koppen I denne romanen vert du teken med på ei reise saman med ei kvinne som står ved eit vegskilje mellom det kjende og det ukjende, mellom ei fortid ho elskar og ei framtid ho fryktar.
Gjennom hennar auge vert tema som lengt og tap, håp og tru utforska, og kva det eigentleg tyder å følgja hjarta sitt.
Frå ein amerikansk småby til den forblåste vestlandskysten følgjer me hennar kamp for å finna sin plass i verda. Med seg har ho ein kopp frå tida og staden ho forlét, eit enkelt minne som sidan skal få ei uventa meining.
Historia utspelar seg i første halvdel av 1900-talet, ei sann forteljing som skildrar livet på Vestlandet, innramma av fiksjon.
Om forfattaren Roy Thomassen er oldebarnet til kvinna denne romanen handlar om. Han har tidlegare skrive ulike tekstar, men Den knuste koppen er hans første roman.
Arbeidet med boka har vore ein måte å løfta fram slekta si historie på, gjennom forteljingar han har fått formidla frå born og borneborn. Med denne romanen deler han både ei personleg og ei tidsnær skildring av livet på Vestlandet i første halvdel av 1900-talet.
Det finns inga presskommentarer tillgängliga just nu.